Du har no sjansen til å føra nøyaktig statistikk over rundane dine på Lærdal Golfklubb sine websider.

Runderegistreringen er begrensa til rundar som er spelt over 18 hol på baner med sloprating.

Hurtigskjema for registrering av runde spelt på Rikheim: Velg navn, tast inn medlemsnummer og klikk på "Ny-knappen". Sjå instruksar nederst på sida.

REGISTRERE NY RUNDE - LÆRDAL
Spelar  
Bane: Lærdal  
Medlemsnr.

Du kan føre rundane dine på to måtar:

Det er tilstrekkeleg å fylle inn antal slag i Slag-kolonna på skjemaet for å registrere ein runde på enklaste måte. Dersom du vil registrere fullstendig statistikk må du ha hola ut på alle hola. Antal slag blir ikkje summert dersom slag manglar på eit hol.

For å få nøyaktig statistikk (anbefalast !) må du skrive inn korleis du spelte hola i info-feltet og med ein bokstavkode beskrive korleis slagserien blei utført. Føljande kodar skal brukast for å beskrive eit slag:

F - fairway/fore-green, ballen landar på fairway, fore-green/semi-green
R - rough, ballen landar i roughen
G - greentreff, ballen landar på greenen
B - bunker, ballen landar i bunker
V - vannhinder, ballen landar i vannhinder/sidevannhinder
O - Out of bounds, ballen landar OB
L - Lost ball, ballen er mista
S - Straffeslag, tildelte straffeslag
P - putt, slag med puttaren frå greenen, slag med puttaren
inn på greenen skal førast som G (greentreff).

I info-feltet på eit hol kan det til dømes stå: "RFVSBGPP", og tolkast slik:

slag 1 i roughen, slag 2 på fairway, slag 3 i vannhinder, slag 4 straffeslag(drop), slag 5 i bunker, slag 6 på greenen, slag 7og 8 er puttar. Når du brukar infofeltet treng du ikkje føre inn slag, dette blir summert automatisk

Skjema for å registrere ein ny runde finn du ved å logge deg inn frå menyen på høgresida, eller bruk hurtigskjemaet for rundar spelt på Rikheim lengre oppe på denne sida.