Kurset består av minimum 12 timar med kursing. 3/4 av dette skal foregå som praktisk trening på eit utandørs golfanlegg. Det er ingen teoriprøve eller oppspelsprøve. Det er baka inn øvelsar i sjølve kurset ved bruk av treningskort som bekreftar at spelaren har vore gjennom ulike instruksjonar og øvelsar. Ved endt kurs vert det skrive ut eit kursbevis og ein får da etablert Klubbhandicap 54.

Slopetabellen på di lokale bane vil ha eit maksimalt hcp på 54. Med klubbhcp 54 vil ein herrespelar på Lærdal GK si bane få 50 tildelte slag frå gul tee, medan ei dame vil få 46 tildelte slag frå raud tee. Frå klubbhcp 54 spelar ein seg ned til hcp 36 og får då etablert eit offisielt handicap.

Dette vil med andre ord seie at ein kan gå rett frå kurs og ut på bana og spele. Dette vil gjere det lett å komme i gang med golf.

Dersom du klikkar i skjemaet under vil du til einkvar tid finne dei planlagde teorikursa. Lærdal Golfklubb held elles kurs på oppfordring og til sponsorar (min 12 deltakarar).