| Trysil Golfklubb varta opp med ei fantastisk bane og eit solid arrangement. Dessverre so klarde ikkje laget vårt å leva opp til dette. Per Åke, Morten, Stian og Ole Kristian starta helga med fire OK innspelsrundar fredag, men då alvoret tok til laurdag, leverte ikkje laget varene.
Under foursomen sleit Stian og Ole Kristian med ein kraftig Snaphook, medan Morten og Per Åke øydelagde scoren sin på tre av hola.
Fourballen baud på ein opptur for Stian og Ole Kristian. Her leverte dei ein flott 78 runde som faktisk burde vore enda betre. Litt for mange pjuskne puttar gav oss ein irriterande følelse her.
Morten og Per Åke var litt uheldige på sin fourball og fekk åtte og ni slag på same holet og sju og åtte på eit anna. I ei slagturnering er dette veldig øydeleggjande og kan soleis ruinere ein ellers grei runde.
I singelrunden er det dei tre beste scorane som er teljande. Desse gav oss eit resultat på totalt 291 slag, altso 97 i snitt. Dette er rett og slettikkje godt nok og det enda dermed med at Lærdal Golfklubb inntok sisteplassen i årets Lag NM. Me har ikkje enda sist før, so det er ikkje med heva hovud me vende nasen heimover.
Under helga vart det diskutert om fjorårets Klubbmesterskap er rette uttakskriteriet til Lag NM. Konkurransen går tross alt nesten eit heilt år etter KM. Neste sesong vil det mest sannsynleg bli arrangert ei eller fleire uttaksturneringar på nærliggjande baner. Dersom nokon har meiningar om dette, ber me om at de startar ein tråd i diskusjonsforumet.
|