Tradisjonen tru vart det også i år sesongopning så snart banene på Austlandet opna. Like tradisjonelt var Rolf arrangør og bookingansvarleg og sørga for å bestille hytter og starttider .

9 staute mannfolk pressa seg inn i nedlessa bilar og forlot Årdalstangen onsdag 28.mai med kurs for Slevigen camping, der me heile tida hadde vår base. Turen gjekk sjølvsagt ikkje rett til hyttene, det skulle spelast golf på vegen. Første pitstop på vegen til Norefjell varLærdal der det var påfyll av ymse forbruksvarer, og innkjøp av premiar til vår interne 5 baners turnering der hovudpremien vart sponsa av Lærdal sportsfiske & golf. Konkurransen bestod av dagspremiar for nærmast pinnen og beste poengsum – pluss at ein samanlagtvinnar vart kåra etterbeste totale poengsum etter alle 5 banene.

Prega av stundens alvor
Norefjell golfbane har me besøkt på tidlegare tourar, og som forventa var det ingen kø og me hadde bana nesten for oss sjølve. At det er lite folk på Norefjell golfbane har ingenting med kvaliteten på bana å gjere - bana er bra, det einaste minuset må vere at dei første 9 hola har matteutslag. Elles er det ingenting å utsetta på greenar/fairways. Norefjell har få lokale medlemmar, men med mykje hytter i området er det stor aktivitet i helgane.
Sjølv om spenninga var til å ta og føle på kom alle fraopninga med æra i behald, men me sleit litt med nærmast pinnen konkurransen då ingen av oss ikkje ein gong trefte greenen på hol 8 der me hadde konkurransen. For å få opp sjølvtilliten og for i det heile å kunne kåre ein dagsvinnarflytta me nærmast pinnen konkurransen til hol 10. Dette er berre 100 meter og her fekk me endeleg avgjort det heile.

Trond-Eirik slit i bunkeren på hol5, Norefjell GK. Det er over 5 meter opp til greenen… (foto: Bjarne Fredheim)


På kvelden inntok me hyttene på Slevigen camping, ein idyllisk plass ved Krøderen som fungerte som vår base Me budde i desse hyttene og reiste til og frå banene kvar dag.
Vår "base-camp" (foto: Bjarne Fredheim)


Kan trøste seg med fin utsikt
Torsdag sto Randsfjorden for tur. Denne bana er under utviding til 18 hol, men ingen av dei nye hola var speleklare når me var på vitjing Det er mykje terreng på Randsfjorden GK - bana ligg oppetter ei åsside, og fleire av hola har ein skummel helling som gjer det vanskeleg å halde ballen på fairwayen. Dei første tre hola ligg i behageleg terreng, men så bær det opp i høgda. Men om det går dritt med golfen, kan ein i alle fall alltids nyte utsikten (må tenke positivt!). Frå tee på hol 7 har ein flott utsyn utover Randsfjorden . Det meste spesielle er likevel kanskje hol 9 (par 4). Etter å ha streva seg opp bakkane går hol 9 heilt nedatt til klubbhuset, ein ikkje heilt ubetydeleg unnabakke .…..

Leirskule-stemning på hytta om kvelden (foto: Bjarne Fredheim)


Knallharde forhandlingar
Fredag var det planen at me skulle spele Tyrifjorden, men på grunn av at dei har innført hcp-grense på 36 fekk ikkje alle av tour-deltakarane spele her. Arrangementsansvarleg Rolf prøvde sjølvsagt å forhandle, men det var beinharde krav og ikkje mogleg å smyge inn ein par GK-spelarar. Derfor la me turen rett over Sollihøgda til Bærum GK sin bane i Lommedalen. Her er det ikkje hcp krav på kvardagar (før kl 14:00, vel å merke), så alle varvelkomne. Lommedalen er ei bane med god standard, men Mai månad er litt for tidleg på sesongen for at denne bana får vist seg frå si beste side. Fleire av greenane hadde dårleg vekst og var nesten heilt brune.
På bana møtte me og to utflytte Årdøler som til dagleg bur i Oslo men som ikkje seier nei til nokre rundar golf med gamle sambygdingar.. Dei hengte seg med på touren eit par dagar og vart med oss vidare.

Still inn siktet
Laurdag var me på Kongsberg, som er den lengste bana på touren og ligg i behageleg terreng. Bana er over 6000 meter, og to av par 5 hola er heile 525 og 538 meter lange. Her kan det lønna seg å kunna slå langt om ein skal ha nokon som helst sjans på par. Det er og verdt å nemne at det er heile 100 meter fram til raud tee på hol 10 og det er vatn på høgre side. Me lærte ”the hard way” at her må ein kunne slå langt og rett for ikkje å komma i vanskar.
Bana var veldig bra med gras-etablering på 100%, og greenar av veldig god kvalitet.

Tom Alex Hagen, stolt vinnar av premien for beste poengsum; 3 ballar med logoen til LEGK (foto: Bjarne Fredheim)


And the winner is…
Siste dag, søndag, var det oppbrudd og me sette kursen vestover att med stopp i Grøndalen for eit siste golf slag . Det var her det skulle avgjerast, og det var fortsatt spenning om kven som vart vinnaren i poeng-konkurransen. Bana i Grøndalen er sikkert velkjent for dei fleste i LEGK, og sjølv om denne ligg ganske høgt til fjells, var bana i OK tilstand. Det var nokre skjemmande brune flekkar på greenane, men jamt over var bana bra. Etter runden var det burger til alle i kafeen og høgtidleg utdeling av premiar og applaus til dagens vinnarar.
Den store spenningen om samanlagt-seieren vart utløyst, og vinnar vart Per Gisle (med minst mogleg margin).

Per Gisle mottek hovudpremien for beste poengsum: ein splitter ny hanske (foto: Bjarne Fredheim)


Komplett resultatliste for alle 5 dagane;

Per Gisle: 159 poeng
Trond-Eirik 158 ”
Bjarne 153 ”
Rolf 150 ”
Robert 138 ”
Kenneth 135 ”
Petter 133 ”
Kåre 132 ”
Geir 127 ”
TomA 67 ” (Berre 2 rundar)
Odd 57 ” (Berre 2 rundar)


Mange fleire bilder frå touren finst på utkant.no

Referent:
Bjarne Fredheim