I høve The Open Championship tok turneringskomiten i Lærdal Golfklubb, samt to andre ivrige golfspelarar frå Årdal, turen over til Skottland for å sjå på korleis ei storturnering skal arrangerast. Dei nytta sjølvsagt også høve til å gjere seg kjende med ”links golf”, og tok turen oppom St.Andrews for å vitje ”the home of golf”.
Muirfield: I startarboksen på 1. tee (foto: Ukjend)
Dag 1
Turen gjekk frå Torp, Sandefjord med flyselskapet Ryanair til Glasgow Prestwick International lufthamn. Det er verdt å merke seg at Prestwick ikkje ligg i Glasgow, men omkring 5 mil sør for Glasgow i Ayrshire. I Prestwick ligg den fyrste bana ”the open” vart arrangert på i 1860, og i 1925 blei ”the open” arrangert der for 24. og siste gong. Bana er den same no som då, men på grunn av forholdsvis korte hol og dårlege parkeringstilhøve, er den ikkje lenger ei av banene i ”rotasjonen” . Etter ankomst i Prestwick hoppa me på fyrste tog nordover, jernbanestasjonen ligg ca. 80m frå flyplassen, for å hente leigebilen me hadde booka i Glasgow. Det fyrste me såg utanfor flyplassen var, ja faktisk, ei golfbane. Etter å sete på toget eit par minuttar såg me ei golfbane til, og deretter enda ei. ”Troon” neste stasjon høyrde eg på høgtalaren i toget, og for dei som har lese golfleksa si veit dei at Royal Troon også ei ”open” bane. Omtrent 3 mil med golfbaner bølgja seg over sanddynene mellom jarnbaneskinnene og kysten oppover mot Glasgow. Det var ikkje fritt for at det kribla etter å kome seg utpå for å prøve seg i motvind og djupe bunkrar.
I Glasgow fann me leigebilselskapet vårt, og då me kom dit fekk me vete at det hadde vore utsendingar og venta på oss på flyplassen i Prestwick i fleire timar. Vel, det einaste me kunne seie var at me ikkje var vande til slik service heime i Noreg. Ein gammal kar, med ein aksent som minna om Inspektør Clusau i filmen om den Rosa Panteren (Peter Sellers) forklarte ikkje mindre enn 10 gonger korleis me skulle køyre igjennom to rundkøyringar for å komme oss ut på motorvegen som gjekk nordover. Seinare skulle me få stadfesta at skottane set sin byrgskap i å forklare turistar om retning, vegar og hemmelege gratis parkeringsplassar. Me kom oss ut på motorvegen utan problem, og etter ein snau time kryssa me the Firth of Forth og svinga austover inn i ”the kingdom of fife”.
I ”the kingdom of fife” ligg sjølve golfen si vogge, St.Andrews. Med sine 99 hol rett ved sentrum, og sjølvaste ”old course” som juvelen, er byen sterkt trafikkert av golfgalne utlendingar på pilegrimsferd. St. Andrews var ikkje hovudmålet vårt denne gongen, sjølv om me brukte ein kveld der for å suge inn litt golftradisjon, og ta dei obligatoriske bileta ved Swilken bridge, klubbhuset til the Royal & Ancient Golf Club, og the Road hole. ”Old course” ligg faktisk så langt inn i byen at det går ein trafikkert veg tvers over 1. og 18. fairway’en. Rettnok einvegskøyrt, og med eit skilt som seier: ”Golf in progress, cross quickly”. Gjett om me køyrde over.
Etter nok ein snau time inn i ”the kingdom” kom me fram til basen vår for dei neste tre dagane, the Old Manor Hotel i den vesle byen Lundin Links. Med utsyn over Lundin Golf Club si bane, og vidare over the Firth of Forth til East Lothian, kunne me ikkje gjere noko anna enn å kjenne oss heime. Me hadde tee-time klokka 10.04 dagen etter, men var nøydd ein tur nedom bana kvelden før for å studere tilhøva. Konklusjonen var: flott treningsgreen, nydelege utslagsplassar, men ingen driving range. I staden for driving-range stod det eit slagnett til bruk for oppvarming. Resten av kvelden gjekk med til å oppdatere seg på kva som skjedde over fjorden på Muirfield, og å ta til seg næring i fast og flytande form. ”The Old Manor Hotel” har to etestader, ein bistro og ein restaurant. Restauranten er ein av dei beste i distriktet, men krev bordbestilling, så med vårt et-når-me-er-svoltne opplegg blei det til at me enda i bistroen. Maten der var veldig bra, og i bistroen fekk me også teste ut Skottland sitt populære real ale, ”Belhaven best”. Det er verdt å nemna at mr ”audi s4” avslutta kvelden i baren med ein 25-år gamal Highland Park til den nette sum av £16.50. Han var nøgd med whiskyen, men ikkje så nøgd med prisen, som han ikkje hadde sjekka før rekninga kom.
Old Manor Hotel: Ein god, men dyr maltwhisky (foto: Morten Asperheim)
Dag 2
Fredag var me som vanleg grytidleg oppe, og sto klare då kokken opna kjøkenet. Så god tid hadde me att me prøvde å finne ein driving-range i nærleiken å varme opp på før me skulle spele på Lundin Golf Club. Me fann ein driving-range, men den var dessverre var stengt, så det bar nedatt på bana for å prøve slagnettet og putting greenen der. Her sto mr ”audi S4” for dagens fyrste kandidat til ”play of the day”. Han pegga opp 3 meter bak utslagsmatta på graset, og sendte den nyinnkjøpte Top-Flite ballen sin fint over nettet ut i Atlanterhavet. ”The mighty secretary” chippa også ein del ballar inn på putting greenen før han oppdaga skiltet med ”no chipping”.
Det var ikkje noko krav om hcp-kort eller anna for å spele på bana, men me blei åtvara om at me me måtte fullføra runden vår i løpet av 4 timar. Rundt kl 10.00 var det klart på 1.tee, og truleg fordi det var litt ruske-vær var flighten bak oss kansellert. Minst ein av dei to ikkje-handikapparane i flighten vår tykte det var heilt greitt å ikkje ha så mange tilskodarar på åpningsslaget, sidan han hadde litt problem med å komme over roughen og inn på fairway. Etter litt åpningsnerver kom me bra i gang, og det vart etterkvart ei fin oppleving å spele sin fyrste runde på ei ekte linksbane.
Å sei at Lundin Golf Club har ei ekte linksbane er eigentleg ei sanning med visse modifikasjonar. På strekninga mellom Lundin Links og Leven låg det for 120 år sidan ei linksbane som begge dei to klubbane Lundin og Leven Golfing society brukte som si heimebane. Dei hadde klubbhus i kvar sin ende av bana, og spelte dei same 18-hola, men i omvent rekkefølje. Etterkvart som golfsporten blei meir og meir populær vart det til at Lundin og Leven delte dei orginale 18 hola mellom seg, og plussa på 9 kvar slik at begge klubbane fekk fullverdige 18-hols baner. Ein gong i året blir det likevel spela ei turnering med spelarar frå begge klubbane over dei originale 18-hola.
Difor er det eigentleg dei originale hola som er ekte links, dei som ligg mellom "strondi og jådnbana". Sjølv om jernbana er nedlagt og skinnene fjerna, ligg jordvollen der, og gjerdet mot jernbana er framleis out of bounds som det var for 120 år sidan. Hol 1 er eit godt eksempel på eit linkshol, med utslag frå ein oppheva tee ned i ein trong dal som deler fairway med det 18 holet, og opp att til ein green som ligg på toppen av ein haug i silhuett mot himmelen. Fairwayane i linksterrenget er harde med bra rull, men ikkje nok rull til å komme inn på to slag på hol 4 som er 452 yards (par 4) i motvind, og med ein ”burn” i framkant. Frå hol 6 til 11 går bana over i blanding mellom links og parkbane, og på hol 8 kom slaget som blei kåra til ”play of the day” fredag. Banemannskapet heldt på med noko ca 50 meter frå greenen på høgre sida, og på veg mot ”out of bounds” traff slicen til mr ”audi s4” traktoren deira og spratt fint inn att framfor greenen. Hol 12 er eit par 3 i oppoverbakke, og det 13 holet ligg på eit platå over resten av bana med greenen innimellom treklynger som krev korrekt innspelsvinkel. Hol 14 er eit par 3 nedover att mot sjøen, og her er det eit fantastisk utsyn over heile bana og vidare utover Largo Bay og the Firth of Forth. Hol 14 heiter sjølvsagt Perfection. Frå hol 15 ber det inn at på ekte links vis, og bana blir avslutta sterkt med eit par 4 hol på 442 yards med innspel til ein smal green framfor klubbhuset med ”out of bounds” på venstre sida og bunkrar på høgre sida. Det skal takast med at underteikna var svært nøgd med å ligga på greenen på to slag her, sjølv om birdieputten blei litt for kort. ”The mighty secretary” spelte som vanleg variabelt og enda på 101 slag etter litt John Daly putting på 18. Underteikna spelte jamt og enda på 88 slag, som heldt til 36 norske poeng. Dei to GK spelarane førte score på ein måte eg ikkje har sett på lenge, med mange strekar på tvers i scorkortet.
Lundin Golf Club: Arild på hol 14, Perfection (foto: Morten Asperheim)
Etter runden stod det att å levere to tomme bag’ar som ”the mighty secretary” og ”tapparen på 2’ar skiftet” hadde lånt tidlegare på morgonen. Skotten som stod i pro-shopen var ikkje den same som lånte ut bage’ane, og lurte på kvifor me kom att med to tomme bag’ar. ” We have broken all the clubs” sa sekretæren, og skotten fekk hakeslepp. Humøret hans steig derimot fort att når han blei forsikra om at bag’ane var tomme då me lånte dei.
Etter å ha lauga oss, og fått på oss turre klede, køyrde me 20 miles opp til St.Andrews. Forutan det som allerede er sagt om dette besøket, tek eg med det viktigaste i stikkordsform:
- Me rakk ikkje å sjå golfmuseet
- Me kjøpte både ”fake” og ekte logoballar
- Me fekk spelt ein 18-hols golfrunde i St.Andrews (på ”the himalayas” putting-course)
Men det som gjorde sterkast intrykk, i alle fall på underteikna, var den varierande kvaliteten og etiketten på spelarane som gjekk på ”the old course”. Han som tok kaka var sonen til ein rik arabar som gjekk rundt med ein putter og ein ball, og leika seg som om han skulle væra på eit kva som helst jorde. Fleire gonger kom ballen hans skvettande forbi dei andre i flighten i det dei skulle slå sitt slag.
"St. Andrews: ""home of golf"", framfor 18. Greenen på Old Course" (foto: Ukjend)
Dag 3
Laurdag var det tidleg opp til ny golf runde, som var booka kl 09.00 på Lundin Ladies Golf Club. Hæ, damebane? Vel, alle spelarar er velkomne her, og sidan Lundin Golf Club var stengt for gjestespelarar grunna turnering, var dette vårt næraste alternativ. Då me kom på bana var både klubbhuset og startbua låst, men ut frå eit hus i nærleiken kom ein eldre kar med frukosten framleis mellom jekslane, og fortalde at me berre kun gå ut berre me betalte seinare. Bana var heilt grei (par 67, ca 4300m), og med same bunkrar og raske greenar som Lundin Golf Club si bane. Med medvind og nokre par 4 hol på 220-260m blei det faktisk 3 eagle-puttar på ”the mighty long hitting secretary”. Dessverre greidde han ikkje å konvertere nokon av mogelegheitane til eagle, men det varma med ein birdie i ny og ne også. Dette var også det einaste ute på bana som varma på føremiddagen, då vinden auka på og regnet fall med aukande intensistet. På same tid, men på andre sida av ”the Firth of Forth” sleit også proffane på Muirfield med sterk vind og regn, og nokon fekk kanskje med seg at Tiger Woods spolerte sine sjansar med ein 81 runde. ”Sekretæren” greidde også Lundin Ladies på 81 slag denne føremiddagen, og vann i alle fall firarballen vår. Med dette været skjøna me kvifor skottane er så effiktive på golfbana, det er umogeleg å være ute i slikt vær i 4 timar.
Lundin Ladies Golf Club: Eit brukandes innspel (foto: Morten Asperheim)
Søkkblaute bar det innatt på hotellet, og ettar å ha dusja og skifta førebudde me oss på ein inne-kveld. Men midt i ein cognac under BBC si overføring av ”the open”, klarna det plutseleg opp og vinden stilna. Me heiv oss i bilen, og berre i kortarma sette me i gang att med ni nye hol på Lundin Ladies. No var humøret på topp og effektiviteten på bånn. Me vasa rundt såpass lenge at det var så vidt me rakk å få oss mat i Bistroen før den stengde. Under middagen der blei me overhøyrd av eit ektepar som skjønte at me var golfarar frå skandinavia. Me kunne bekrefte dette, og han heldt fram med å fortelje at dei hadde vore på Muirfield og sett på ”the open” same dag. Då me fortalte at me skulle dit dagen etter, fekk underteikna bekrefta teorien om at skottar er stolte av å kunne vise veg, og fortelje om gode parkeringsplassar. Denne karen la ut om motorvegar, sidevegar og teikna for sikkerheits skuld inn nokre nye vegar på kartet vårt, og dersom me følgde rettleiingane hans skulle me komme så nær bana at me praktisk tala kunne parkere på 5. greenen. Etter eit par kjappe i baren, la me oss, og dagen etter venta siste dag av ”the 131. open golf championships”.
Dag 4
Me skjekka ut og reiste frå hotellet litt over kl.10.00, og tok kystruta ned mot the Forth Bridge. Vidare køyrde me mot Edinburgh og kl 12.00 nærma me oss Nort Berwick i East Lothian. Rettleiingane til skotten stemte, men politiet stoppa all trafikk like før bana, og me enda opp på ein parkeringsplass ikkje langt frå 9. greenen.
Me fekk sjå mykje bra golf denne dagen, og det enda med både play-off og sudden-death som til slutt sørafrikanaren Ernie Els vann. Me fekk også sjå litt dårleg golf då Ernie tulla vekk ei klar leiing med ein dobbel bogey på det 16. holet. Mest nye fans denne dagen fekk likevel briten Gary Evans som spelte ein fantastiske sisterunde, men med ein uheldig bogey på siste holet slo han seg ut av play-off ,og mogeleg seier. På holet før slo han andre slaget sitt i roughen, og sjølv med forecaddies og andre ball-leitarar var ballen umogeleg å finne att. Han måtte tilbake, og det 4. slaget slo han så vidt inn på greenen. Deretter senka han putten frå 60 feet og greidde par (par 5 hol). Heilt klart "play of the day" på søndag. Med ein eagle på dette holet og ein par på det siste kunne han ha vore vinnar med 2 slag.
Muirfield: Morten og Per Åke på 18. green (foto: Arild Asperheim)
Etter at turneringa og premieutdelinga var ferdig, sneik me oss inn på 18.greenen og tok nokre fine bilder. Me fekk også rekonstruert det nest siste slaget til Ernie Els, frå den venstre greenbunkeren med ”tapparen frå 2’ar skiftet” i hovedrolla.
Muirfield: Arne i bunkeren på 18. (foto: Morten Asperheim)
I 8-tida sette me oss for nest siste gong i Ford’en, denne gong med adresse hotellet på Glasgow airport. Morgonen etter leverte me leigebilen, og utleigeselskapet var ikkje så hissige på å yte service då me skulle heimatt. Me kom oss til Prestwick med toget, og litt lengre utpå føremiddagen hadde Ryanair-flyet vårt nasen vendt mot Torp og Noreg.
Med mange gode nye minne i golfbagen, er konklusjonen at Skottland må opplevast av alle golfinteresserte, helst fleire gonger.
Med på turen var:
”The mighty Secretary” – Per Åke Evjestad
”Tapparen frå 2’ar skiftet” – Arne Nesse
”mr audi s4” – Arild Asperheim
”underteikna” – Morten Asperheim
----- Rikheim Golfbane ----- Banestatus: Open Bane er grøn og fin. Greenane er raske etter dobbel vertikalskjering. Etter diverse beplanting er bana fin både å sjå på og spela på. Greenfee 200,- / 100,- kr. Drivingrange / ballmaskin åpen. 20 kroners mynt.
------ Drivingrange Rikheim ----- Open ------ Drivingrange Utladalen ----- Open Sist endra: 30.8.2010 Kl: 22:37