Norefjell golfbane er ei fin golfbane å spela på, lett å gå og ligg i eit flott terreng. Norefjell er ei skogsbane med mange fine utfordringar og det er den nærmaste 18 holsbana me har for øyeblikket, med ca. 3t 15min køyring fra Årdalstangen. Verdas djupaste bunker har dei også på 5m 40cm.
Norefjell: Greenen på hol (foto: Rolf Fjølstad)

Det eine minuset med Norefjell er at bana ikkje er slopa. Bana har no ei lengd på 4874m, men frå neste år vil 9 nye hol vera klare, og då blir bana 6083m og med slope verdi. Vil anbefale fleire til å spela på Norefjell, det er aldri kø der, og ein blir alltid veldig godt motteken. I år har dei greenfeetilbod frå man-tor med kr.150,-
Norefjell: Klubbhuset (foto: Rolf Fjølstad)