| På den støvete overflata av månen ved "Fra Mauro" ligg det to golfballar. Dei ligg og ventar på å bli slått opp i det stjerneopplyste vakumet, og sveve hundrevis av meter til neste landingspunkt. Dei ventar på at den neste, verdige golfaren skal slå dei vidare. Det var i 1971 at Alan Shepard slo to legendariske golfslag på månen. Alan var ein av 12 astronautar som har sett sine steg på overflata, og garantert den som ihuga golfarar hugsar best. Han sørga nemlig for at golf er den einaste idretten som er utøvd på månen si overflate.
Alan Shepard var ein del av besetninga som var med på Apollo 14-oppskytinga. Like før astronautane skulle lande på månen, stakk Alan handa si i lomma og tok fram køllehovdet til eit 6’ar-jern. Det hadde blitt spesialtilpassa slik at det kunne skruast på skaftet til eit måleapparat som vart brukt til å samle prøvar av støvet på måneoverflata. Frå 40 yards chippa han eit perfekt hole-in-one i eit lite krater. Neste ball sende han høgt opp i lufta med full sving. Han sa sjølv at ballen gjekk ”kilometer etter kilometer i den tynne lufta”. Teknikken var så-som-så med. Han kunne berre halde kølla med ei hand, då drakta hans var stor og klumpete. Og alt dette gjorde han live føre TV-kameraet som kringkasta hendinga til millionar av amerikanske husstandar. Det er mange som seier at dei hugsar denne hendinga vel så bra som då Neil Armstrong sette sine første fotsteg på månen.
Alan utfordra neste generasjonar sine astronautar til å finne att ballane og halde dei i spel. Men fram til no er det ingen som har teke utfordringa.
Og i mellomtida ligg golfballane der på den støvete overflata av månen. Der kjem dei til å ligge. Lenge.
|