Laurdag 22.oktober sette åtte håpefulle golfspelarar frå Årdal kursen mot Spania. Alle vona sjølvsagt å vinna den fyrste utgåva av La Manga Tour.

Turneringa vert spelt som ei Stableford turnering der spelaren med flest poeng etter fem rundar står att som vinnar. Ved lik poengsum er det spelaren med lågast handicap som vinn. Premien er ein vandrepokal og ei t-skjorte som bevis på at ein er årets vinnar. Med tanke på oppretthalding av amatørstatus vert ikkje resten av premiane nemnde.





La Manga tyder ”armen” på spansk og er ei 12 kilometer lang halvøy som skil Middelhavet frå saltvasslaguna Mar Menor. Som namnet til turneringa hinta om, ligg basen for turneringen her. Hovudsponsor av året var flyselskapet Norwegian Airshuttle. Dei losa deltakarane trygt gjennom Europas mange og farefulle luftlommer. Ei stor takk vert retta til flybesettinga som var på tå hev på begge flygingane. Det skal òg nemnast at den svenske songfuglen Carola var om bord på turen nedover. Ho stilte villig opp då ein stemningsfull Thomas utfordra ho til duett på Grand Prix vinnaren Främling. Sporty gjort av dei begge! Ein anna sponsor var bilfirmaet Concorde. Dei stilte to lyseblå bilar til fri disposisjon heile veka. Hjarteleg takk…!

Søndag 23. kom Team Norway, med Henrik Bjørnstad og Tutta i spissen, nedover. Dei skulle halde til på næraste golfresort. Der skulle dei førebu seg på kvalifiseringsrundar til European Tour og PGA Tour. Det såg lenge ut til at tour-komiteen hadde klart å handle seg fram til ein avtale om at vinnaren av La Manga Tour skulle få ”Wild Card” til Team Norway. Diverre brast vona på dette i siste liten. Skuffinga var naturlig nok stor, men det vart fort bestemde at dette ikkje skulle få leggja nokon dempar på opphaldet.





Søndag var det òg klart for den innleiande turneringa. Las Ramblas var valt som opningsbane etter anbefaling frå Jarle Molde Jr. Han beskreiv Las Ramblas som ei ”artig bane”, men det går rykte om at deltakarane i La Manga Tour er ueinige i dette. Las Ramblas skuffa Tour-deltakarane stort. Den var prega av stort besøk året rundt og framstod som svært sliten. For øvrig må denne bana vera ein draum for spelarar som likar blinde utslag.

Poengsummane var heller ikkje til å hoppe i taket av. Stian Øy vart dagens vinnar med 21 poeng og dette seier det meste om korleis dei andre spelte. Elles betalte nokon av deltakarane 7€ for å vera med i ein ”Million Dollar Hole In One”-konkurranse, men for andre gong i år gjekk desse frå utslagsplassen med kjensla av å ha vorten lurt! Etter runden var konklusjonen at det er betre å leggje nokre ekstra euro i potten og heller spele ei bana av betre kvalitet.

Om kvelden vart det konsumert nokre rundar av det lokale bryggeriet sine edlare dråpar. Utover natta skulle det vise seg at det ikkje berre var golflandslaget som var representert på La Manga denne veka; medlemar av eit anna norsk landslag var òg ute for å prøvesmake den lokale styrkedrikken. Av omsyn til rennomeet til desse personane, vert identiteten deira haldt skjult for offentlegheita. Dei var ikkje på tur i regi av landslaget, men på privat initiativ. Dette er svært merkelig, i og med at dei snart startar sesongen. Utøvarane er svært opptekne rundt jule- og nyttårstider, såpass kan avslørast. Då held dei som regel til i land som Tyskland og Austerrike. Need we say more?





Måndag og tysdag flytta touren seg innover i landet, nærare bestemt til Club de Golf Altorreal. Dette er ei svært bra bane som er under stadig utbetring. Tour- komiteen hadde fått i stand ein såkalla ”Buggy and Meal” avtale. For 60€ fekk me ein skikkelig heilaften med greenfee, golfbil og middag. Her byrja svingen å fungera igjen og humøret steig fleire hakk i løpet av desse dagane. Dei fleste slaga hamna på fairway eller i lett rough, sett vekk ifrå eit høve der Espen haldt på å ta livet av eit kamerateam ved det 16. holet. Rune Hellebø kjende seg heime på denne bana og stakk like godt av med sigeren begge dagane. Han leverte mellom anna T(o)urens fyste ”over 36 runde”. 37 poeng var sigerssummen måndag, medan det tysdag var nok med 31 poeng.. Med desse rundane hadde Rune synt at han meinte alvor, og at han klarde å leva opp til ”favoritt”- stempelet.

Medan deltakarane hadde sett for seg ein Sandwich eller noko liknande, diska klubben sin utmerka restaurant noko overraskande opp med 3-retters middag og ”ei kald ei” etter begge rundane. Det skal òg nemnast at deltakarane aldri var i nærleiken av å køyra feil på veg til bana på måndag. Dei vart heller ikkje ein time forsinka til Tee Time og Ole Kristian hadde sjølvsagt aldri vore på denne bana tidligare (eller…?).





Etter tre dagar med intens varme, djup konsentrasjon og store væsketap, var onsdagen sett av til rekreasjon og trening. Etter ein betre frukost sponsa av Burger King, sette me kursen mot ein av Spania og Europa sine mest eksklusive golfresortar; La Manga Club. Greenfee nivået er deretter, men da kan ein til gjengjeld velje mellom tre baner som blir samanlikna med sjølvaste Valderrama. Det var også her Team Norway var samla og norsk-svenske Paul Nilbrink informerte om at medlemane var strålande nøgde med opphaldet. Tour deltakarane vart inspirerte av dei flotte omgjevnadane og gjekk til treningsarbeidet fulle av pågangsmot. Etter nokre timar trening kom dei fram til at årets Tour skulle avsluttast på ein av La Manga Club sine baner. Som følgje av denne avgjerdsla, reserverte tour-ansvarleg starttid på North Course fredag klokka 14.00. På returen til Base Camp svinga deltakarane innom La Manga sitt svar på Silverstone. Her gjorde dei unna ein kjapp runde med GoCart og Espen fekk synt fram ”dyret” i seg då han susa inn til ny banerekord. Espen køyrde perfekte linjer i svingane og knuste den sjølvutnemnde favoritten (kom du i mål Stian?).

Påfølgjande dag la me turen til La Finca; ei av dei nyare og betre banene litt nord for La Manga. Mesterskapsbana er fersk, men den synte seg å vera svært bra. Særskilt greenane var imponerande, sjølv Hans har ikkje spelt på so raske greenar tidligare. La Finca opererar med ein greenfee på 75€. I utgangspunktet høyres dette mykje ut, men etter runden var alle einige om at det var verdt kvar einaste euro. Vinnaren denne dagen vart Even. Han spelte solid og hadde evna til å unngå dei store flausene. Dette, kombinert med ein framifrå og eigenutvikla putteteknikk, synte seg å vera uslåelig. Even puttar med mykje knekk i handledda og gjer med dette alle proar til latter. Sjeldan har ein sett betre langputtar på Spania sine grøne greenar. Den nybakte pappaen var utilnærmeleg denne dagen, og spelte seg inn i leiarballen til avsluttingsrunden på La Manga Club.

Thomas og Hans hadde gode rundar, men dei var ikkje i stand til å truga vinnaren. Ei gjengs oppfatting på Touren var at Hans kunne ha kjempa heilt i toppen dersom han hadde hatt litt meir knekk i handledda, i baksvingen. Hans innser dette sjølv og har no søkt stillinga som skiftarbeidande operatør ved Karbon. Då får han endå meir tid til å pleia favoritthobbyen sin og alle proar i distriktet med knekk i handleddet kan sjå fram til dette med stor begeistring.





Før siste runde knytte det seg stor spaning til korleis Rune ville takla presset ved å vera ”siste mann ut”. Han hadde ei lita luke til nestemann på resultatlista, men ting endrar seg som kjent fort i golf. Sju poeng skilde Rune og Ole Kristian før den avgjerande runden. På dei to følgjande plassane låg Stian og Even, høvesvis fire og fem poeng bak Ole Kristian. Dette var i realiteten kvartetten som kunne kjempa om sigeren.
La Manga Club tok i mot Touren med palmesus og strålande speletilhøve. Diverre hadde dei fleste av deltakarane bomma på kleskoden og måtte fornya garderoben i proshopen. Fargen på sokkane var særs viktig, då dei skulle vere kvite. Ved bruk av knesokkar derimot, kunne fargen vera svart. Det var ingen som torde å ”ta han heilt ut” og med dette stilte heile startfeltet med kvite labbar.





Etter ei god oppvarming sette spelarane kursen mot fyste Tee. Stian hadde grunna sår rygg valt ”skatesko” denne dagen, og var naturlig nok svært engsteleg for å bli nekta spel av Herren i startbua. Stian heldt seg for ein gong skuld litt i bakgrunn og kom seg heilskinna av garde til slutt. Leiarballen gjekk ut sist og nervene var til å ta og føle på. Ole Kristian var inspirert av protimen med Tutta og hadde lagt om svingen for dagen. Dette skulle vise seg å vera svært vellukka. Han spelte sin beste ”Tee til Green”-runde nokon gong og kunne telje tretten GIR, men når 42 av 86 slag på scorekortet er puttar, ja då fortener ein ikkje å verte La Manga Tour vinnar. Med dette kunne Rune cruisa inn til samanlagt seier. Ole Kristian vart òg passert av Stian, som varta opp med ein fantastisk 36 runde på finaledagen. ”Skatesko” til tross, dette er definitivt det beste Stian har prestert på golfbana. Blikket var festa på ballen og det ivrige ”hundehovudet” var lagt att heime. På pressekonferansen etter runden hadde Stian fylgjande å seie om dagens spel: ”I dag var eg i sona kara, det var berre å setja svingen i Autopilot, fy f*** kor bra”.

Endelig løysna det for Tor Erik òg. Etter mykje frustrasjon, møte med svensk mafia, bøygde køller og ein snorkande romkamerat, fekk han endelig synt fram det alle veit han er god for. Med ein veldig fin snert i baksvingen er det få som matchar Tor Erik når han har dagen. Når nærspelet i tillegg har ”Per Gisle klasse”, ja då er det ikkje lett å stogga han. Rykta vil dessutan ha det til at Tor Erik sine køller har ytra ynskje om fleire slike goddagar. Alle køller som finn vegen til Tor Erik sin golfsekk, skal vera klar over kva dei gjev seg ut på, når dei lovar truskap i både gode og onde dagar. Touren sin siste runde lovar i allfall godt for ”Tottoen” sin kommande sesong!

Prestasjonane til Espen var òg verdt å gleda seg over. Dei steig jamt heile veka og han avslutta med fleire birdie-puttar på La Manga Club. Held han fram slik, vil han vera ein klar vinnarkandidat neste år. Med innlånt driver hamra Espen ballen nedover fairwayane. Han vart fort venn med dei kjappe greenane og imponerte alle.





Rune vart altså årets stolte vinnar. Han var stabil frå tee og dei få gongene han var ute i tjukkroughen, redda han seg inn med eit utmerka nærspel. Når ballen i tillegg spratt Rune sin veg heile veka (les:lucky bounce), ja då var ingen i nærleiken av å truga han. Alt i alt ein fortent siger til ein solid golfspelar. Vandrepokalen vil med dette verte ståande på peishylla til paret Hellebø/Johansen dei komande tolv månadane, Touren gratulerar!

Alt i alt vart La Manga Tour 2005 ein gedigen suksess. Mykje latter og godt humør sette ein ekstra spiss på turen. Alle var stornøgde og planlegginga av neste års turnering er allereie i gong. Komiteen vil vurdere alle henvendingar om deltaking. Utviding av Touren er under vurdering, så ta kontakt dersom du kunne tenkja deg å vera med (frist: 02.11.2005).

Dersom enkeltpersonar eller grupper kunne tenkja seg liknande turar i eigen regi, er det berre å ta kontakt, Tour-ansvarlig hjelp gjerne til med planlegginga.

Tour-deltakarar 2005:

Rune Hellebø
Stian Øy
Ole Kristian Øren (Tour-ansvarlig)
Even Andre Øren
Tor Erik Moen
Hans Smedegård
Thomas Smedegård
Espen Hestetun