|
Handicap er ein utjamningsfaktor mellom ein spelar sin golfferdigheit
og ein fastsett ferdigheitsstandard. Handicap blir tildelt amatørar
med medlemskap i ein klubb som er tilslutta NGF med det formålet
å gje alle spelarar mogelegheit til å konkurrere på
teoretisk like vilkår. Handicapsystemet forutset at alle gjer
sitt beste for å spela kvart hol i kvar runde på så
få slag som mogeleg, og at alle handicaptellande rundar registrerast.
Etablering av handicap krev at spelaren leverer inn til hcp-komiteen
sitt grøne kort saman med 3 scorekort der minst eit til handicap
36, og dei to andre innanfor buffersona (minimum 31 poeng). Korta
skal væra korrekt utfyllt (som om de var turnering!) frå
handicaptellande rundar over 18 hol.
Heile handicapreglementet kan du lese HER.
|