|
Grønt kort er eit ferdigheitsbevis, og ofisiell legitimasjon
i golfklubben. Kortet gjeld fyrst og fremst i eigen klubb. Der gjer
kortet deg rett til å spele på heimebana til klubben,
men det gjer ikkje automatisk rett til å spele på andre
baner.
Grønt kort opplæringa er delt i ein teoretisk og praktisk
del. Den teoretiske delen gjer nye golfspelarar innføring
i etikette, reglar, sikkerheit og handicapsystemet. Den praktiske
opplæringa skal sikre at nye golfspelarar har eit minimum
ferdigheitsnivå før dei slepp laus på bana. Både
den teoretiske og praktiske delen blir avslutta med prøve.
Etter at speleprøven er bestått, og kandidaten har
meldt seg inn i ein klubb tilslutta NGF kan det grøne kortet
skrivast ut.
Grønt kort opplæringa skal sikre at nye golfspelarar
har nødvendige ferdigheiter slik at
- alle oppnår størst mogeleg trivsel og glede
- spelet blir utøvd rettferdig og etter reglane
- spelehastigheiten blir heldt oppe (4h på 18 hol)
- det ikkje oppstår fare for omgjevnadane
- bane og anlegg ikkje blir skada
- kapasiteten på bana blir utnytta og så mange som mogeleg får spela
Alle klubbar som har løyve til å skrive ut grønt
kort skal ha ein grønt kort/handicap-komite. Komiteen er ansvarleg
for grønt kort opplæringa i klubben, og har følgjande
oppgåver
- søkje å leggje tilhøva til rette for at
nye spelarar skal få realisert sitt ønskje om å
spele golf, og at dette skjer innanfor målsetninga med grønt
kort opplæringa
- halde teorikurs
- bidra til å gje nye spelarar tilbud om nødvendig
praktisk opplæring
- gjennomføre prøvar til Grønt kort i henhold
til NGF sine retningslinjer
For deg som er nyskjerrig på golfsporten står det meir om
grønt kort opplæringa under TEORIKURS,
PRAKTISK KURS
og OPPSPEL TIL
GRØNT KORT. |